Roboten Spot fra Mechatronics Innovation Lab

Studietur til Grimstad

Tysdag 17. desember er utvalet på førjulstur i Grimstad, for å få innspel og perspektiv frå lokale aktørar.

Kompetansebehovsutvalet har ønskt å dra på ein studietur for å få fleire perspektiv inn i arbeidet med temaet digital teknologi.

Valet fall på Grimstad. Her er det mogleg å besøkje ei rekkje interessante aktørar knytt til Universitetet i Agder, i tillegg til å lære meir om korleis ulike verksemder i Agder møter endringar i kompetansebehov.

Mechatronics Innovation Lab og Senter for e-helse

Først går turen til Mechatronics Innovation Lab.  Formålet deira er å auke verksemders konkurransekraft gjennom bruk og forståing av ny teknologi. 

Der vil utvalet få ei kort omvisning og høyre deira tankar om korleis maskiner og digital teknologi kan endre kompetansebehov, og korleis dei jobbar med kompetanseutvikling i lokalt arbeidsliv. 

Vidare går turen til Senter for e-helse, som med kunnskap og løysingar ønskjer å løfte dei digitale helsetenestene i framtida .

På forskingssenteret vil utvalet høyre meir om korleis digital teknologi endrar kompetansebehov i helsesektoren, og korleis dei jobbar med å møte endra kompetansebehov gjennom både utdanning  og kompetanseutvikling i arbeidslivet.

Diskusjon med lokale IT-aktørar

På ettermiddagen får utvalet besøk av ei rekkje lokale IT-aktørar. Desse skal innleie kort, før det blir tid til ein felles diskusjon med utvalet. 

  • Professor Øystein Sæbø, Leiar Institutt for informasjonssystemer
  • Cathrine Stien, Daglig leiar for Digin, Noregs største IT-klynge
  • Helene Tønnesen, Regionsleiar Sør, Bouvet
  • Ann-Helen Moum, Kommunalsjef digitalisering i Kristiansand kommune

Kapittelutkast og dialog om djupdykk

Utvalet vil mot slutten av dagen diskutere tidlege tekstutkast til den endelege rapporten som skal leverast i desember 2025. I tillegg vil utvalet ha dialog med Oxford Research og SINTEF Digital om val av djupdykk i eit forskings- og utgreiingsoppdrag dei gjennomfører for KBU.

Se dagsorden for studietur og utvalgsmøte 17. desember