Timothy Szlachetko fra Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og utvalgsleder Sveinung Skule holder den nye nasjonale digitaliseringsstrategi

Presentasjon av ny digitaliseringsstrategi

I møtet 10. oktober fekk utvalet presentert den nye nasjonale digitaliseringsstrategien, i tillegg til å høyre innlegg frå medievitskapsprofessor Lars Nyre.

Møtet i Kompetansebehovsutvalget (KBU) 10. oktober starta med at Timothy Szlachetko frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet presenterte den nye nasjonale digitaliseringsstrategien. Deretter følgde ein spennande diskusjon med utvalet om implikasjonane for kompetanse,  oppfølging av strategien og samanhengar med KBUs arbeid med temaet digital teknologi.

Szlachetko peika særleg på at KBU kan spela ei viktig rolle med tanke på behovet for kompetanseutvikling i arbeidslivet.

Les Ny nasjonal digitaliseringsstrategi på Regjeringen.no

 

Digital omstilling og arbeidskraftsbehov

I tillegg til å diskutere struktur på rapporten KBU skal skriva, diskuterte utvalet metodar for korleis digital omstilling påverkar behovet for arbeidskraft. Særleg med tanke på den store uvissa framover. 

Førebels vurderer utvalet at: 

  • Me har studiar som kan seia noko om kva oppgåver og yrkjer som er utsett for automatisering.
  • Me bør ikkje leggja for mykje vekt på tal for arbeidstidsinnsparing og produktivitetsgevinst. Desse tala varierer mykje, og er vanskelege å berekna.
  • Me bør vera tilbakehaldne med å vurdera indirekte effektar. Få studiar bereknar dette på ein grundig måte. Sekretariatet vil jobba vidare med moglegheita for å gjera berekningar basert på norske data.
  • Viktig å diskutere føresetnadene for modellane, ta med kostnader og særeigenheiter i det norske arbeidslivet.

Sjå også ein kronikk om studiar av automatisering publisert i Khrono 10. desember 2024

 

Teknologiutvikling og innovasjonskompetanse

Lars Nyre, professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen avslutta dagen med ein presentasjon om teknologiutvikling og korleis han jobbar med å utvikla innovasjonskompetanse ved TekLab. 

Han skilde mellom to hovudteoriar: 

  • Teknisk forming av teknologi
  • Sosial forming av teknologi

Se dagsorden og korte referat frå alle utvalsmøte